Gudrun eggjar

1.
Hardare ordkast
eg aldri høyrde
eller teljing so trå
or tregefullt sinn,
som då Gudrun eggja
gutane sine
og hardhuga ho
deim hissa til strid:


2.
«Her sit de i stova
og søv burt livet;
i gant og garting
gaman de hev,
medan Jormunrek
unge systeri
under hestom hiver
på hermanns-vollom.


3.
Lite i leiken
de likjest på Gunnar,
heller ikkje hugen
til Hogne de fekk.
Henne de hadde
hemnt longo,
um mod de åtte
som mine brødrar.»


4.
HAMDE kvad:
«Liti ære
du leivde Hogne,
då dei Sigurd
or svevnen vekte,
og dei blå-kvite
blæjune dine
raude vart farga
av blodet som rann.


5.
For brødrom dine
baudst det hemn,
sår og beisk nok,
då du sønene drap.
Um dei var ’kje daude,
då me alle
samstelte kunde
syster hemne.


6.
Men hent berre bunad
til hunkongar fram,
når du eggjar oss ut
til oddleiken hard.»


7.
Glad då Gudrun
gjekk åt buret
og konge-hjelmar
av kista valde,
side brynjur
sonom gav ho.
Hugheilt sveinar
heiv seg i sâl.


8.
HAMDE kvad:
«Um me kjem att meir,
ho mor å vitja,
frå geir-leik denne
med gote-tjoder,
du gravøl fær halde
for heile flokken,
for Svanhild og sonom
i same stundi.»


9.
Gråtande gjekk
Gudrun fruga,
sorgfull ho seg
sette på tun.
Ho der fortalde
med tårer på kinn
soga um sorg
og suter mange:


10.
«Eg veit eldane tri;
eg veit årane tri,
til tri menn eg kom,
kone i huset.
Utifrå ein
av alle tri var,
han som brødrar
banen valda.


11.
Eg tyngste tregen
tottest hava,
men endå meir
skulde målet aukast,
då gjæve frendar
meg gav åt Atle.


12.
I løynd eg småe
søner lokka,
betre bot då
baudst det ikkje,
anna eg hogg
hovud av gutom.


13.
Eg gjekk til strandi,
grim mot nornom,
vilde ende gjera
på ovtung strid.
Men båra ikkje
byrdi søkkte,
bar ho til lands,
leva eg skulde.


14.
Til brure-sengi
han baud meg gange
for tridje gongen
tjodkongen der.
Born då ól eg,
ervingar hæve,
ervingar hæve
eg Jonaker gav.


15.
Men um Svanhild
sat det ternur,
av alle borni
ho best meg tekktest.
So var Svanhild
i salom mine
som den skiraste
solar-geislen.


16.
Eg gav henne gull
og glime-klæde,
fyrr burt eg gav ho
til brur åt goten.
Hardaste harmen
heve eg røynt,
då hennar ljose
lokkar dei sleit,
under heste-hovom
dei hivde ho ned.


17.
Såraste sorg,
då Sigurd min eigen
sviken for alt
i sengi vart vegen.
Grimaste kvide,
då Gunnar dei tok,
og fråne-ormar
fram seg ringa.


18.
Hardaste sott,
då til hjarta dei skar
på den leikande
levande kongen.
Eg minnest mein nok,
eg minnest harmar.


19.
Beisla no, Sigurd,
svart-hesten din,
lat fljote folen
fram hit renne.
Her sit korkje dotter
eller sone-kone,
som gode gåvur
kann gjeva meg meir.


20.
Legg deg på minne
kva me mælte ein gong,
då saman me sat
på sengi båe,
at meg du munde
møte hugheilt
frå Hel sine haller,
frå heimen kjem eg.


21.
Leggje no, jarlar,
ladet med ved,
lat logane høgt
til himmels leike,
lat bringa breste
i brennande eld,
Lat sorgene bråne,
som bind mitt hjarta.


22.
Sorg skal stillast
og suter batne
for kar og kvende
på kvar ein stad,
når kvide-songen
dei kved til Gudrun.»