Brynhild på helferd

Då Brynhild var dåi, laga dei tvo bål, det eine for Sigurd, det brann fyrst. Men Brynhild vart brend på eit anna eit, og ho var på ei vogn som var klædd med drustelege tjeld. So er det sagt at Brynhild kom køyrande etter helvegen og fór gjenom eit tun, der det budde ei gyger.

    1.
    GYGRI kvad:
    "Du fær ikkje fara
    fram gjenom mine
    gard-grunnar
    og grjot-hellerar.
    Vyrk ditt arbeid
    ved veven stelle
    høvde deg betre
    enn ei hugsnikje vera.

    2.
    Kva vil du frå Valland
    vitja min heim,
    di øse-kolle,
    som all stad vildrar?
    Vil du det vita?
    Vargar hev du
    med mannablod mett,
    meinfull i hugen."

    3.
    BRYNHILD kvad:
    "Kva skal berge-bruri
    so beisk meg møte,
    um eg hev vori
    på viking ferder?
    Av oss tvo eg trur
    at eg vert hævast
    når menneskja granskar
    gløgt vårt ættmål."

    4.
    GYGRI kvad:
    "Du var Brynhild,
    Budles dotter,
    til mein vart du bori
    i mannaheimen.
    For Gjuke-lyden
    du lukka øydde
    og grunnane grov
    undan garden deira."

    5.
    BRYNHILD kvad:
    "Eg sanning deg segjer,
    sitjande her,
    um du, vitlause tøkja,
    vil vita greide,
    kor Gjuke-sønene
    gjekk innpå meg,
    maktstal elsken
    og meinsvør gjørde meg.

    6.
    Hugdjerve konge
    hamane tok
    til oss åtte systrar,
    under eik dei løynde.
    Eg var vetrane tolv,
    um du vita det lyster,
    då eidar meg batt
    til unge gramen.

    7.
    Hild under hjelm
    heite eg fekk,
    då ung i Lymdalom
    endå eg sveiv.

    8.
    Gamle kjempa
    i God-tjod-landet,
    Hjelm-Gunnar, eg
    til Hel lét gange,
    gav siger til unge
    bror åt Auda,
    då vart Odin
    ov-vreid på meg.

    9.
    Han meg stengde med skjoldar
    i skate-lunden,
    raude og kvite,
    han i rad dei sette;
    einast den fekk slite
    svevnen tunge,
    som aldri reddhug hev kjent
    risa i bringa.

    10.
    Kringum min salen,
    mot sud hann horver,
    lét han logar
    leike høgt;
    og einaste han
    fekk yver der ride,
    som førde meg gull
    som Fåvne åtte.

    11.
    På Grane han reid,
    gull-øydaren
    der som fosterfar min
    førde styret;
    umfram alle
    eine tottest, druste, djerve,
    dana-kongen.

    12.
    I same sengi
    sov me tryglegt,
    som han ein bror
    meg boren vøre;
    ingen av oss
    i åtte næter
    lagde armen
    um annans hals.

    13.
    Men eg neist vart av Gudrun,
    Gjukes dotter,
    at sovi eg hadde
    i Sigurd sitt fang.
    Det, eg då fekk vita,
    vild' eg aldri høyrt,
    at med svik dei sprengde
    min sæle kjærleik.

    14.
    I alder og æve
    vil ætter fødast
    til sut og saknad
    og strevsamt yrke.
    Men saman svive
    og skiljast aldri
    skal Sigurds og eg.
    Søkk no, gyger!"