Brot av Sigurdskvida

    1.
    HOGNE kvad:
    Seg kva Sigurd
    hev skade deg gjort,
    med du trår etter livet
    til trauste kongen.

    2.
    GUNNAR kvad:
    Meg hev Sigurd
    svori eidar,
    eidar svori,
    alle logne;
    fals han fór med,
    då det fullvel trengest
    at trugne vener
    trygt stod attmed.

    3.
    HOGNE kvad:
    Deg hev Brynhild
    beiskleg eggja
    hardt deg hissa
    til harm å vinne,
    Gudrun ho ikkje
    so god mann unner,
    og ho leidest lenger
    å leva med deg.

    4.
    Sume ulvekjøt steikte,
    sume orm snudde,
    sume Gutorm
    gav fuglekjøt,
    fyrr meinhuga menn
    fekk mod til å leggje
    hand på hæve
    hovding-kulten.

    5.
    Slegen vart Sigurd
    sunnan for Rin;
    rammar då radt
    ropa frå tre:
    "Øksar og eggjar
    hans Atle raudnar
    i meinsvorne menn
    og mord-vargar."

    6.
    Ute stod Gudrun,
    Gjukes dotter,
    og ho det ordet
    aller fyrst kvad:
    "Kvar er no Sigurd,
    sjølve-drotnen,
    millom frendane mine,
    når fram her dei tid

    7.
    Hogne einast
    andsvaret gav:
    "Sigurd me sund
    med sverdet hogde,
    no gremjast grå-folen,
    når guten er burte."

    8.
    Sae Brynhild
    Budles dotter:
    "Vel skal de njote
    våpen og land;
    Sigurd åleine
    alt munde råde,
    um lite lenger
    liv han åtte.

    9.
    Ille det høvde,
    um han fekk råde
    Gjukes arv
    og gote-folket,
    hadde han og
    havt søner fem
    aldri so hæve
    og hardføre."

    10.
    Lo då Brynhild
    - all bøen dunde -
    einaste gongen
    av all sin hug:
    "Land og lydar
    de lenge njote,
    når djerve drotnen
    dauden de gav."

    11.
    Kvad då Gudrun
    Gjukes dotter:
    "Du mæler mange
    meinbåge ord;
    men grime gastar
    skal Gunnar tyne,
    for harme hugar
    det hemn skal koma."

    12.
    Fram leid kvelden,
    flust vart drukki;
    og rødrune radt
    rann frå sellom,
    skjott dei sovna,
    då i sengi dei kom,
    Gunnar einast
    andvaken låg.

    13.
    Fot vart fredlaus,
    fram kom tankar,
    mangt då munde
    for minnet svive,
    ljod frå lunden
    lydde han på,
    frå ørnar og ramnar,
    då dei reid på heimveg.

    14.
    Vakna Brynhild
    Budles dotter,
    skjoldun-disi,
    fyrr dagen han ran:
    "Låte ilt eller mildt,
    lyde skal alle;
    ut min harm må berast,
    skal hjarta 'kje breste."

    15.
    Dei tagde alle
    ved dette ordet,
    fåe kunde greide
    slik kvende-gjerd,
    at ho seg gråtande
    gruvde for dette,
    som ho læjande
    hadde lyden eggja til.

    16.
    BRYNHILD kvad:
    Grimt eg, Gunnar,
    gloste i draum:
    alt i salen var svalt,
    og sengi var kald,
    gledelaus gjekk du
    gruvlande fram,
    fjetra på fot
    i fiendelyd.
    So skal all dykkar ætt, nivlungar,
    meinsvorne menn,
    maktlaus verte.

    17.
    Godt du, Gunnar
    gøymer i minnet,
    at blod de båe
    blande i spor,
    ilt du honom
    for alt hev lønt,
    som held deg i hævaste
    hovding i laget.

    18.
    Han vel det visste
    då han våga seg til
    på beling å ride
    til Budles dotter,
    kor traustleg og trygt
    den hovdingen haldt
    ord og eidar
    til unge sellen.

    19.
    Kvasse sverdet
    slegi med gull,
    den mæste drotnen
    millom oss lagde,
    i eld var eggi
    utantil sveipt,
    og eiter-dropar
    inni det rann.


Um Sigurds daude.

Her er i dette kvædet fortalt um Sigurds daude, og det lydest her soleis som at dei drap han ute, men sume segjer so at dei drap han sovande i sengi si. Men tyske menn segjer so at dei drap han ute i skogen, og so heiter det i Gudrunkvida den forne, at Sigurd og Gjukesønene haddi ridi til tings, då han vart drepen. Men det segjer alle samstelt at dei sveik han i trygd og vog hann liggjande og u-budd.