Reginsmål

SIGURD gjekk til hestestodet hans Hjalprek og valde seg ut ei hest som sidan var kalla Grane. Då var Regin, son Reidmar, komen til Hjalprek. Han var hagare enn alle andre, men, dverg i vokster; vit var det han og ein hard hug, og trollkunnig var han. Sigurd vart fostra av Regin med sers umhug og kjærleik. Regin fortalde honom um ættfolket sitt og korleis det har til, då Odin og Høne og Loke hadde komi til Andvarefossen. I denne fossen var det mykje fisk. Og det var ein dverg som het Andvare, han heldt seg lenge i fossen i gjedde-hâm og fekk seg mat der. ”Otr het bror vår,” sa Regin, ”han tok ofte otr-hâm og fór upp i fossen. Han hadde ein gong teki ein laks og sat i elvebakken og åt blundande. Loke kasta ein stein mot otren, so han stupte daud. Æsene tyktest vera hepne av dette og flådde belgen av otren.” Same kvelden kom dei til Reidmar og bad um hus og synte fram veidni si. Då vart dei tekne, og me lagde på dei det, at vilde dei løyse livet sitt, so laut dei fylle otr-belgen med gull, og med raudt gull laut dei hylja han utanpå ogso. Då sende dei Loke av til å få gullet. Han kom til Rån og fekk netet hennar; med dette fór han til Andvarefossen og kasta det ut framfyre gjedda, og ho rann i netet.

    1.
    Då mælte LOKE:
    ”Kva slag fisk er dette,
    som fór i straumen
    og ikkje veit seg å vara?
    Du hovudet lyt
    or Hel no løyse
    og elvar-elden meg gjeva.”

    2.
    GJEDDA kvad:
    ”Andvare eg heiter,
    O-in het far min,
    i mang ein foss hev eg fari;
    ufegjens norner
    i upphavs tider
    sette oss til i vatn å vada.”

    3.
    LOKE kvad:
    ”Andvare, seg det,
    um eige du vil
    liv millom lydar på jord
    kva vedlike vert han
    verd å få han,
    som fer med usanne ord?”

    4.
    ANDVARE kvad:
    ‘Vedlike strengt
    vert det for dei
    som skal Vadgjelme vada
    Dei som usanne ord
    mot einannan bruker,
    dei fær lenge lide.”

Loke såg alt gullet sam Andvare åtte. Men når han hadde reidt gullet, dan hadde han att ein ring, og den tok Loke frå han. Dvergen gjekk inn i steinen og mælte:

    5.
    ”Fulla skal gull,
    sam Gust han åtte,
    brødrane tvo
    til bane verte
    og øyde livet
    på åtte kultar,
    godt skal ingen
    av eign mi njote.”

Æsene reidde godset til Reidmar; dei fyllte otr-belgen og reiste han upp på føtene, so skulde æsene leggje gull upp ikring og hylja han reint. Men då dette var gjort, gjekk Reidmar fram og såg eit værhår og bad dei dekkje det med. Då drog Odin fram ring Andvare og lagde yver håret.

    6.
    Då kvad LOKE:
    ”Gull er gjevi
    gjald fekk du
    høgt nok for hovud mitt;
    men sæle for son din
    du skapte inkje,
    men banen for dykk båe.”

    7.
    REIDMAR kvad:
    ”Gåvur gav du,
    men godgåvur ikkje,
    av godhug du ikkje gav.
    Livet de skulde
    fulla lati,
    hadde fyrr eg fåren visst.

    8.
    LOKE kvad:
    ”Enn verre vert det
    eg vita tykkjest,
    når menn mun stridast um møy.
    Ufødde kultar
    det enn mun vera
    ætla til harm og hat.

    9.
    REIDMAR kvad:
    ”Gullet det raude
    eg råder vel sjølv,
    so lenge sum eg lever.
    Trugsmålet ditt
    tykkjest lite verdt,
    fare de heim hedan.”

Fåvne og Regin kravde Reidmar etter frendebot for Otr, bror sin. Han sa nei til dette. Då lagde Fåvne sverdet gjennom Reidmar, far sin, med han sov. Reidmar ropa på døtrane sine:

    10.
    ”Lyngheid og Lovnheid!
    Mitt liv er no slutt,
    men naud driv nakne te spinne.”

    LYNGHEID sa:
    ”Seldan syster
    som saknar far sin
    på broren hemner sin harm.

    11
    REIDMAR kvad:
    ”Al deg ei dotter,
    ulvhuga dros,
    um ikkje du fær
    fræge sonen;
    gjev møyi ein mann
    midt i naudi,
    son deira han
    din harm skal stogge.”

Då døydde Reidmar, men Fåvne tok alt gullet. Regin på farsarv, men Fåvne sa nei til dette. Regin lagde då råder med Lyngheid, syster si, um korleis han skulde få farsarven sin. Ho kvad:

    12.
    ”Bror din blidleg
    beda skal du
    um arvegåve og godhug;
    harde råder
    høver lite,
    skal du noko av Fåvne få.”

Desse åtburdar fortalde Regin til Sigurd. Ein dag, då han kom til huset hans Regin, vart han vel fagna.

    13.
    REGIN kvad:
    ”Sigmunds-sonen
    ser eg koma
    snarpe sveinen
    til salar våre;
    av mod hev han meir
    enn ein mann uti årom,
    veiding eg vonar
    den vargen skal få.

    14.
    Fostre vil eg
    frøkne sellen,
    den Yngve-ætting
    til oss er komen
    høgste hovding
    under himmelkvelv
    vidt um landi
    gjeng lagnaden hans.”

Sigurd var då jamleg i lag med Regin, og han sa Sigurd at Fåvne lang på Gnitahei-i og var i ormehâm. Han åtte ein øgjeshjelm sam alt levande fekk støkk av. Regin gjorde Sigurd eit sverd som het Gram; det var so kvast, at han stakk det ned i Rin og lét ein ull dott drive med straumen og dotten vart skoren sund sum han vore vatn. Med dette sverdet kløyvde Sigurd smidje-stedet hans Regin. etter dette eggja Regin Sigurd til an vega Fåvne; men han sa:

    15.
    ”Høgt mun dei læ
    dei Hundings søner,
    dei som øydde
    Øylimes liv,
    um meir han tykkjer
    mun i dette:
    gull å finne
    enn fader-hemn.”

Kong Hjalprek gav Sigurd skipsfolk, so han kunde få hemn yver far sin. Dei fekk ein stor storm og beitte utanfyre eit bergnos. Ein mann stod på berget og kvad:

    16.
    ”Kven er det som rid
    på Rævils hestom,
    på høg-alda
    i glymjande hav?
    sveiten han driv
    av sjø-marom,
    d’er vandt um folar
    vindbylgja maktar.”

    17
    REGIN svara:
    Med Sigurd me fèr
    på sjø-plankane,
    og til banen vår ber
    børen, me hev;
    bratt fell båra
    yver baugen ned,
    stamanfolar stuper,
    kven spør um dette?

    18
    MANNEN kvad:
    ”Nikar var namnet
    då eg nærde ramnen,
    Volsung unge!
    og i ota eg var;
    no må du kalle
    karen på berg
    Feng eller Fjolne,
    eg fara vil med”.

Dei lagde til lands, og kallen gjekk på skipet. Då spakna vêret.

    19.
    SIGURD kvad:
    ”Seg meg no, Nikar,
    du veit noko av kvart,
    kva som gagnar gudar og menn:
    kva varsl er best,
    når ein bardage ventar,
    og sverdi skal svingast kvast?

    20
    NIKAR kvad:
    ”Der mange varsl,
    visste de alle,
    når sverdi skal svingast kvast,
    traust fylgje
    true eg du fær,
    når du rid ut og ramnen møter.

    21
    Eit anna det er,
    når ut du ein komen
    og er til burtferd buen,
    um då du vert var
    på vegom dine
    tvo dådfuse drengjer.

    22
    Det er det tridje
    um du tjoting høyrer
    av ulv under aske-greinom;
    og lukka deg fylgjer,
    fær du øygne
    fienden, fyrr han ser deg.

    23
    Egg skal ingen
    upp vende
    mot seint skinande
    syster åt månen;
    siger fangar den
    som sjå maktar,
    og når stridfuse sellar
    i svinfylking gjeng.

    24
    Stygt mark det er
    um han snåvar foten,
    når til stridsferd du stig i veg
    då ille diser
    attmed deg stend
    og vondt dei deg valdar.

    25
    Kjemd og tvegen
    skal kappen vera
    og eta seg um morgon mett;
    for uvisst det er
    på aftan lite,
    d’er leidt um lukka glepp.”

Sigurd hadde ein stor strid med Lyngve Hundingsson og brødrane hans. Der fall Lyngve med dei tvo brødrane sine. Etter striden kvad Regin:

    26.
    ”No beiske branden
    på Sigmunds bane
    hev blodørn rist
    på ryggen inn;
    med blod so fagert
    han frøydde jordi,
    hovding denne
    Hugin gledde.”

Sigurd fór hem til Hjalprek. Då eggja Regin Sigurd til å drepa Fåvne.