Trymskvida (Hamarsheimt)

    1.
    Vreid var Vingtor
    då han vakna
    og hamaren sin
    han munde sakne.
    Skjegg han riste,
    hedna han skok;
    tok son åt Jord
    um seg å trivle.

    2.
    Og han dei ordi
    aller fyrst kvad:
    "Høyr du Loke
    her kva eg segjer,
    som ingen på jord
    hell i uppheimen veit:
    frå åsgud hev dei
    hamaren stoli."

    3.
    Gjekk han til Frøya
    i fagre tun,
    og han dei ordi
    aller fyrst kvad:
    "Vil du meg Frøya,
    din fjørham låne,
    at eg min hamar
    hitte måtte?"

Frøya kvad:

    4.
    "Eg gav deg han gjerne,
    um av gull han vøre;
    og lét deg han få,
    var han laga av sylv."

    5.
    Flaug då Loke,
    fjørhamen dunde,
    til ut han kom
    av Åsagarden,
    og inn han kom
    i Jotunheimen.

    6.
    Trym sat på haugen,
    tusse-drotten,
    band han batt
    åt bikkjom av gull,
    og måni meitte
    på marom sine.

Trym kvad:

    7.
    "Koss gjeng det åsom?
    Koss gjeng det alvom?
    Kvi kjem du einsleg
    til Jotunheimen?"

Loke kvad:

    "Ilt er med åsom,
    ilt er med alvom.
    Hev du Lorrides
    hamar løynt?"

Trym kvad:

    8.
    "Eg hev Lorrides
    hamar løynt
    åtte raster
    under jordi.
    Ingen honom
    att fær heimta
    utan han fører meg
    Frøya til viv."

    9.
    Flaug då Loke,
    fjørhamen dunde,
    til ut han kom
    av Jotunheimen,
    og inn han kom
    i Åsagarden.
    Tor honom møtte
    midt i tunet,
    og han dei ordi
    aller fyrst kvad:

    10.
    "Hev du heppe
    havt med ærend?
    Sei der i lufti
    den lange tidend;
    sitjande selle
    soga si gløymer,
    og liggjande mann
    lyg det han beller."

Loke kvad:

    11.
    "Heppe eg hev
    havt med ærend,
    Trym hev din hamar,
    tusse-drotten;
    ingen honom
    att fær heimta,
    utan han fær honom
    Frøya til viv."

    12.
    Gjeng dei fagre
    Frøya å finne,
    og han dei ordi
    aller fyrst kvad:
    "Bitt um deg, Frøya,
    brure-linet,
    me tvo skal aka
    til Jotunheimen."

    13.
    Vreid vart då Frøya
    så ho frøste,
    og åsa-salen
    all han bivra.
    Ned spratt bjarte
    brisinga-menet.
    "Manngal dei meg
    meiner vera,
    um eg ek med deg
    til Jotunheimen."

    14.
    Alle i senn
    var æser på tinge
    og åsynjur
    alle til stades.
    Rådlag heldo
    rauste gudar,
    koss Lorrides hamar
    dei hitte skulde.

    15.
    Kvad det Heimdall,
    kvitaste åsen,
    - vidt såg han fram
    som vanene elles -:
    "Binde me um Tor
    brure-linet,
    bere han bjarte
    brisinga-men.

    16.
    Late um honom
    lyklar ringle
    og kvende-klæde
    um kne falle;
    på brjostet setje me
    breie steinar,
    og hagleg binde me
    hovud-toppen."

    17.
    Kvad det Tor,
    den trauste ås:
    "Kjering vil då
    kalle meg æser,
    lèt eg meg binde
    med brure-lin."

    18.
    Kvad då Loke,
    Lauvøy-sonen:
    "Teg deg, Tor,
    tala kje dette;
    snart kjem jotnar
    til Åsgard byggje,
    um inkje din hamar
    du heimtar att."

    19.
    Batt dei um Tor då
    brure linet
    og det bjarte
    brisinga-menet,
    lèt dei um honom
    lyklar ringle
    og kvendeklæde
    um kne falle,
    sette på brjostet
    breie steinar,
    og hagleg batt dei
    hovud-toppen.

    20.
    Då kvad Loke,
    Lauvøy-sonen:
    "Meg til terne
    du take med deg,
    so èk me to kvende
    til Jotunheimen."

    21.
    Snøgt vart båe
    bukkane heimta,
    sprette i skoklar,
    skulde vel renne.
    I berg det brotna,
    brann i jord loge,
    ók Odins son
    til Jotunheimen.

    22.
    Då kvad det Trym,
    tusse-drotten:
    "Upp og bere
    på benkjer halm,
    no fører dei meg
    Frøya til viv,
    dotter åt Njord
    i Noatun.

    23.
    Her gjeng innmed garden
    gullhyrnde kyr,
    ålsvarte uksar,
    jotnen til gaman.
    Eg hev nøgdi av gull,
    hev nøgdi av godar,
    einast Frøya
    eg no vantar."

    24.
    Tidleg um kvelden
    kom det til dess
    at fram for jotnar
    øl vart bori.
    Sjølv åt han ein ukse,
    åtte laksar,
    alle dei kråser
    til kvendi var laga,
    tri kaggar mjød
    drakk mann hennar Siv.

    25.
    Då kvad det Trym,
    tusse-drotten:
    "Kvar såg du brur
    bite kvassare?
    Aldri såg eg brur
    bite breidare
    eller meir mjød
    nokor møy drikke."

    26.
    Sat ho attmed,
    den innfule terna,
    som ord fann til svars
    på jotuns tale:
    "Frøya åt inkje
    åtte næter,
    so ovhuga var ho
    til Jotunheimen."

    27.
    Han letta på linet,
    var lysta te kysse,
    men undan han stokk
    endelangt i salen.
    "Kvi er så illkvasse
    augo på Frøya?
    Eld meg tykkjest
    or augo loga!"

    28.
    Sat ho attmed,
    den innfule terna,
    som ord fann til svars
    på jotuns tale.
    "Inkje sov Frøya
    åtte næter,
    so ovhuga var ho
    til Jotunheimen."

    29.
    Inn kom arme
    jotun-systri,
    som beda torde
    um brure-skatten:
    "Rett meg ringar
    raude av handom,
    um du vil hava
    hugnad hjå meg,
    hugnad hjå meg
    og all mi hyllest."

    30.
    Då kvad det Trym,
    tusse-drotten:
    "Bere inn hamar'n
    bruri å vigje,
    leggje Mjølne
    på møyar-kne,
    vigje oss saman
    med Vår si hand."

    31.
    Lo i hugen
    Lorride godt,
    då hardhausen
    sin hamar kjende.
    Trym drap han fyrst,
    tusse-drotten,
    og jotunætti
    all han tynte.

    32.
    Drap den aldruge
    jotun-systri,
    ho som bad han
    um brureskatten.
    Skjell ho fekk
    for skillingar
    og hogg av hamar
    for haug av ringar.
    So kom Odins son
    att til sin hamar.