Den tridje Gudrunkvida

Herkja het terna hans Atle, ho hadde vori frilla hans. Ho fortalde Atle at ho hadde set Tjodrek og Gudrun halde lag. Atle var harm for dette.

    1.
    Då kvad Gudrun:
    "Kva berst det fyre,
    Budle-sonen?
    Du sorgsam her sviv
    og smiler aldri.
    Heller det høvde
    ein hovding som du,
    at du karane kveikte
    og kona di ansa."

    2.
    Atle Kvad:
    "Trege det gav meg,
    Gudrun kona,
    det av Herkja eg høyrde
    i halli i dag,
    at Tjodrek og du
    dygg tøygde i hop
    og saman kvilde
    under kvite lin."

    3.
    Gudrun kvad:
    "Eg vil alle
    eidar sverja
    ved heilage steinen,
    den skire kvite:
    aldri Tjodmar og eg
    oss tøygde i hop
    meir enn det syskin
    sømer å gjera.

    4.
    Ein einaste gong
    eg heve lagt
    handi om hals
    på hovding gjæve.
    Annleis enn sagt er
    var samrøda vår,
    som trøytte og tyngde
    oss tydde i hop.

    5.
    Her kom Tjodrek
    med tretti hermenn,
    alle dei tretti
    tapt hev han no.
    Eg brynje-budde menn
    og brødrar tapte,
    odal-ætti mi
    all du tynte.

    6.
    Bodsend Sakse,
    sudmanna-drotnen,
    han kann signe
    sjodande kjerald."
    Inn i salen der skreid
    sju hundrad mann,
    før konge-kona
    i kjetilen greip.

    7.
    Gudrun kvad:
    "Her er 'kje Hogne
    her er 'kje Gunnar,
    sæle brødrar
    eg ser ikkje meir.
    Elles Hogne hemnde
    min harme med sverd;
    mi skuldløyse syne
    sjølv no må eg."

    8.
    Bjarte handi
    til botnen ho stakk
    og greip så fast
    i glime-steinen:
    "Sjå no, sellar,
    eg skuldlaus er røynd,
    heilag og heil
    i den heite domen."

    9.
    Lo i hugen
    hovdingen sælt
    då hendene hennar
    heile han såg:
    "Kom no, Herkja,
    til kjelen her fram,
    du som Gudrun
    grande vilde."

    10.
    Syrgjeleg syn
    å sjå var dette,
    kor Herkja si hand
    heiltupp var svidd.
    Sidan dei grov ho
    i gor-myri ned.
    Soleis vart hemnd
    harmen til Gudrun.