Gripes spådom

GRIPE het son til Øylime. bror til Hjørdis. Han rådde for land og var visare enn alle andre og framsynt Sigurd reid åleine og kom til halli hans Gripe. Sigurd var audkjend. Han kom til tals med ein mann utanfor halli, som kalla seg Geite Sigurd bad han um rettleiding og spør:

    1.
    ”Kven er det sum bur
    i borgi denne,
    kva namn hev tegnar
    på tjodkongen sin?”

    GEITE kvad:
    ”Han Gripe heiter
    hovdingen vår,
    som gard og grunn eig
    og gutar styrer.”

    2.
    SIGURD kvad:
    ”Er hugvis konge
    heime i landet?
    tru han vilde
    tala med meg?
    Ukjend mann
    vil ordast med han,
    fljot so lyt eg
    finne Gripe.”

    3.
    GEITE kvad:
    ”Gjæve kongen
    mun Geite spyrja
    kva enannen heiter,
    som vil mæle med han.”

    SIGURD kvad:
    ”Sigurd eg heiter
    Sigmundssonen,
    men Hjørdis ho er
    hovdings moder.”

    4.
    Då gjekk Geite
    til Gripe og sa:
    ”Ukjend mann her
    ute er komen,
    til å skoda
    sjåleg er han,
    og deg, fylkjer,
    finne vil han.”

    5.
    Or skålen gjeng han
    gjæve drotnen
    og framand hovding
    han helsar vel:
    ”Velkomen Sigurd,
    um seint det vart.
    og no skal Geite
    Grane stelle.”

    6.
    Mangt dei spurde.
    og mangt dei svara,
    der dei råkast
    dei rauste kjempur.

    SIGURD kvad:
    ”Meg meld, um du veit,
    morbroder min.
    kva Sigurd lyt no
    til lagnad hava.”

    7.
    GRIPE kvad:
    ”Du vert mætaste
    mann under soI
    og høgast heidra
    av hovdingar alle;
    der flust vert med gull.
    men fått med reddhug.
    du vert fager i ålét
    og i ordhegd meister.”

    8.
    SIGURD kvad:
    ”Seg meg du meir,
    spyrja eg vil,
    vise konge.
    um du vita det tykkjest:
    kva storverk eg fyrst
    fremja no skal,
    når eg or garden
    din er gjengen?

    9.
    GRIPE kvad:
    ”Fyrst mun du, fylkjer,
    far din hemne
    og Øylimes harm
    all du stille;
    du mun Hundings
    harde, djerve
    søner felle
    og siger hava”

    10.
    SIGURD kvad:
    ”Seg no, konge,
    din systerson
    sanningi heil,
    når me saman talar:
    ser du for Sigurd
    strålande bragder,
    som høgt vil lyse
    under himmelskautom?”

    11.
    GRIPE kvad:
    ”Du eine skal vega
    ormen den fråne,
    der grådug han ligg
    på Gnitahei-i.
    Båe desse
    til bane vert du:
    Regin og Fåvne,
    rett segjer Gripe.”

    12.
    SIGURD kvad:
    Det flust vert med gull,
    flust vert det òg
    med bardagar harde,
    som du berlegt melder.
    lat hugen leite,
    og lenger fram seg,
    kva lagnads-luter
    mitt liv skal hava.”

    13.
    GRIPE kvad:
    ”Du mun finne
    Fåvnes bøle,
    dyrgripar fagre
    fram du sanke;
    gullet legg du
    på Grane-ryggen
    og rid til gjæve
    Gjuke-drotnen.”

    14.
    SIGURD kvad:
    Meir skal hovding
    hugtakande
    djerve drotnen,
    deretter melde:
    når eg Gjuke hev gjesta
    og gjeng frå honom,
    kva lagnads-luter
    mitt liv skal hava!”

    15.
    GRIPE kvad:
    ”Dotter til fylkjer
    på fjellet ho søv
    bjart i brynja
    etter banen hans Helge;
    sneide mun du
    med sverdet kvasse,
    brynja riste
    med banen til Fåvne.”

    16.
    SIGURD kvad:
    ”Brynja er broti,
    byrjar tala
    vivet som vart
    vekkt or svevne;
    mun då møyi
    mæle med Sigurd
    ord som fagnad
    fylkjeren gjev?”

    17.
    GRIPE kvad:
    Ho vil den rauste
    runer lære
    alle som menneskja
    mest seg ynskjer,
    og på tungemål
    kvart eit tala
    og lækje dei lidande;
    lev du heil, konge!”

    18.
    SIGURD kvad:
    ”Når eg vert ferdig
    og frod er vorten,
    då rid eg fram
    lenger på ferdi.
    lat hugen leite
    og lenger fram seg:
    kva lagnads-luter
    mitt liv skal hava.”

    19.
    GRIPE kvad:
    ”Du vil hitte
    Heimes bygder,
    glad vera gjest
    hjå gjæve kongen;
    sagt er, Sigurd,
    det sjå eg munde;
    ikkje lenger fram
    du frette Gripe.”

    20.
    SIGURD kvad:
    ”No gjev meg otte
    det ordet du sa,
    med di du lenger fram,
    fylkjer, mun sjå;
    um ulukka veit du
    ovstor for Sigurd,
    di seg gruvar
    Gripe for dette.”

    21.
    GRIPE kvad:
    ”Korleis di æve
    i ungdomen var,
    stod lengst fram i ljoset,
    var lettast an sjå;
    eg er ’kje rette
    runekallen
    sum full-langt ser,
    d’ er fått det eg veit.”

    22.
    SIGURD kvad:
    ”Ingen eg veit
    ovan moldi
    som maktar sjå meir
    i myrke framtid;
    du løyne det ikkje
    um leidt det er,
    eller mein møter
    på mine vegjer.”

    23.
    GRIPE kvad:
    ”Inkje med lastar
    er din livsveg skriven,
    lat deg det hovding
    i hugen feste:
    so lenge sum menneskja
    leikar på jord,
    storfrægdar-namnet
    hans Sigurd skal leva”

    24.
    SIGURD kvad:
    ”Leidt det tykkjest,
    men lyt so vera,
    Sigurd må no
    skiljast frå deg.
    Lagnaden min
    liggje der han vil,
    vis meg so vegen
    vyrde morbror.”

    25.
    GRIPE kvad:
    ”So lyt Sigurd,
    sanningi få,
    når meg drotnen
    til dette nøyder;
    eit ord eg mæler
    som inkje hev svik:
    dagen er viss,
    og dauden han kjem.”

    26.
    SIGURD kvad:
    ”Ikkje vreiden eg vil
    vekkje hjå kongen,
    men gode råder
    hjå Gripe nema;
    vita no vil eg,
    um d’ er visst eller gale,
    korleis du ser
    spunnen min lagnad”

    27.
    GRIPE kvad:
    ”Ferdast hjå Heime
    fagre møyi,
    og Brynhild so mun
    bruri heite,
    dotter til Budle;
    men djerve kongen,
    Heime, fostrar
    hardhuga møy.”

    28.
    SIGURD kvad:
    ”Kva skil det meg dette
    at du skodar ei møy
    fager å sjå
    fostra av Heime?
    No skal Gripe
    meg greide gjeva,
    for framsyn hev du
    på forloga all.”

    29.
    GRIPE kvad:
    Sorg ho gjev deg
    og sut i hugen,
    fagre vækja
    som Heime fostrar;
    svevn frå deg stryk,
    du sanselaus er,
    og du ingen ansar
    utan møya.”

    30.
    SIGURD kvad:
    ”Kva helse-bot
    kann hugen stile,
    seg det Gripe,
    um greide du veit;
    kann vene vækja
    eg vonast å få
    og feste mi brur
    fylkjer si dotter?”

    31.
    GRIPE kvad:
    ”De mun alle
    eidar sverja
    og fullfast binda -
    men få av dei held;
    du gjest hev vori
    hjå Gjuke ei natt;
    då hæve gjenta
    hjå Heime er gløymd.”

    32.
    SIGURD kvad:
    ”Koss er det Gripe
    greid meg dette,
    er eg so lauseleg
    laga i hått,
    når svikar eg skal
    stande mot ho,
    som heile hugen min
    hadde fengi?”

    33.
    GRIPE kvad:
    ”Andre Er det
    som lit mun svike,
    Grimhild i garnet
    guten fangar,
    mun deg bjode
    bjart-håra viv,
    dotter si eigi,
    dåra vert du.”

    34.
    SIGURD kvad:
    ”Skal med fræge Gunnar
    frendskap verte
    og med Gudrun og meg
    giftarmål,
    fullgodt gifte
    guten då fekk,
    um mein og trege
    ikkje trødde imillom.”

    35.
    GRIPE kvad:
    ”Deg mun Grimhild
    grovleg dåre,
    og til beling ho deg
    åt Brynhild eggjar.
    Gunnar til hande,
    gote-drotnen,
    straks til ferdi
    ferdig er du.”

    36.
    SIGURD kvad:
    ”Mein meg møter,
    det mun eg sjå,
    radt dei ramlar
    råder alle,
    når til møyi
    som mest eg elskar
    ein annans beling
    eg bera skal fram.”

    37.
    GRIPE kvad:
    ”De mun alle
    eidar sverja,
    Gunnar og Sigurd,
    saman med Hogne;
    De hamlét byter
    båe på ferdi,
    Gunnar og du,
    Gripe lyg ikkje.”

    38.
    SIGURD kvad:
    ”Kva batar dette,
    kvi byter me tvo
    hamlét og lag
    på leider desse?
    Verre vande
    mun vera under,
    svik og meinråd,
    seg fram Gripe!”

    39.
    GRIPE kvad:
    ”Som Gunner du lét
    og lag mun få,
    sjølv du ordhag
    er og stortenkt let;
    du fester Heimes
    fosterdotter,
    frægaste møy,
    men du får ho ikkje.”

    40.
    SIGURD kvad:
    ”Verst meg tykkjest
    at vesalmenne
    skal då sveinar
    Sigurd kalla;
    aldri eg vil
    vela med sløgd
    for den drustaste
    drosi eg veit.”

    41.
    GRIPE kvad:
    ”Du sove hjå ho
    store hovding
    som um møyi
    mor di var;
    di skal so lenge
    folk leikar på jord
    namnet hans Sigurd
    spyrast med frægd.”

    42.
    SIGURD kvad:
    ”Skal Gunnar eige
    gilde drosi,
    sælaste svein
    - svar meg Gripe -
    endå tri næter
    trauste vivet
    sov meg so nær?
    slikt er uhøyrt.”

    43.
    GRIPE kvad:
    ”Båe vil saman
    brudlaup drikke,
    Sigurd og Gunnar
    i Gjukes salar:
    dei hamlét byter,
    når dei heim er komne
    men hugen dei hev
    som dei hadde fyrr.”

    44.
    SIGURD kvad:
    ”Vil då lukka
    lengje fylgje
    mågar desse
    - mæl du Gripe!
    vil det til gaman
    for Gunnar verte,
    eller sidan
    meg sjølv til bate?”

    45.
    GRIPE kvad:
    ”Du skal eidar minnast,
    men alltid tegja;
    du saman med Gudrun
    godt skal leva!
    men Brynhild ho trur
    du braut din lovnad;
    til svik å hemne
    all hugen trår.”

    46.
    SIGURD kvad:
    ”Kva vil til bot
    bruri kreva,
    for di meinråd
    vart møyi lagd?
    Svorne eidar
    og sviken lovnad
    ho fekk av meg
    og fåfeng lukke.”

    47.
    GRIPE kvad:
    ”Gunnar ho vil
    greidleg segja,
    at ikkje hev du
    eiden haldi,
    medan gjæve guten,
    Gjuke-sonen,
    traust litte på
    at trugen du var.”

    48.
    SIGURD kvad:
    ”Koss hev det seg, Gripe,
    greid meg dette,
    mun soga hennar
    sannsagd vera,
    eller lyg ho på meg
    den lovsæle dros
    og på sjølve seg med?
    seg meg det, Gripe!”

    49.
    GRIPE kvad:
    ”Vreide og trege
    veld at drosi
    ikkje deg fullgod
    framferd syner;
    alldri grandet ger du
    mot den gode møyi,
    endå med sløgd
    ho sviki vart av dykk.”

    50.
    SIGURD kvad:
    ”Vert kloke Gunnar
    klumsa av ho,
    vil giren Hogne
    og Gutorm taka?
    vil Gjukes søner
    gjeva mågen
    bane-beigen?
    ber sanning fram!”

    51.
    GRIPE kvad:
    ”Då sut vil gange
    Gudrun til hjarta,
    når broder hennar
    bane deg veld;
    og aldri ho gledast
    og unast meir
    verdi her vil;
    ho veld det Grimhild.”

    52 .
    SIGURD kvad:
    ”Heile me skiljast,
    stå lyt lagnad,
    vel hev du gjort
    det eg vilde deg beda;
    du sa det gjerne
    um det stod til deg.
    at livsens lagnad
    ljosare fall meg”

    53.
    GRIPE kvad:
    ”Dette er trøysti
    for trauste guten
    den heppa skal fylgje
    heile ditt liv;
    på mætare mann
    ovan um mold
    skine ’kje sol
    enn, Sigurd, på deg.”