Det andre kvædet um Helge Hundingsbane

Kong Sigmund, son til Volsung, var gift med Borghild frå Brålund. Dei kalla sonen sin Helge etter Helge Hjordvardsson. Hagal fostra Helge. Hunding het ein mektug konge, etter han hev Hundland fengi namn. Han var ein stor hermann og hadde mange søner som var ute på hernad. Ufred og òtur var det millom kong Hunding og Kong Sigmund, dei drap frendane til kverandre. Kong Sigmund og hans ættmenn het volsungar og ylvingar. Helge fór i løynd på njosning til kong Hundings hird; Heming, son til kong Hunding, var heima. Då Helge fór der ifrå, råke han ein gjætergut og kvad:

    1.
    Helge hugsar,
    du til Heming segje,
    at med våpnom vart han
    vegen far hans;
    ulven gråe
    de inne hadde,
    då Hunding helsa
    Hamal for gjest.

Hamal het son til Hagal. Kong Hunding sende menn til Hagal som skulde leite etter Helge, og Helge kunde ikkje berge seg på onnor vis, enn at han tok klædi til ei terne og sette seg til å mala. Dei leita, men fann ikkje Helge. Då kvad blind deg hugvonde:

    2.
    Kvass-øygd er terna
    ved kverni hans Hagal,
    bonde-ætta
    ikkje er ho:
    steinar klovnar,
    kvernbenken sprengjest.

    3.
    Ein hard lagnad,
    hev hovding fengi,
    når vyrdnads-folk
    skal valbygg mala;
    ho betre høvde,
    handi denne,
    for sverdfestet
    enn for sveitaket.

    4.
    HAGAL svara og kvad:
    Eg lite undrast
    um det læt i kverni,
    når her ei kongsmøy
    handtaket triv;
    fritt ho sveiv
    skyhøgt ein gong,
    på viking-vis
    ho våga seg ut,
    fyrr Helge henne
    haddi teki,
    syster er ho
    til Sigar og Hogne,
    di atal i augo
    er ylving-kvendet.

Helge kom seg undan og gjekk på herskip. Han felte kong Hunding og var sidan kall Helge Hundingsbane. Han låg med heren sin i Brunvågom og gjorde der strandhogg, dei åt kjøtet rått. Hogne het ein konge, dotter hans var Sigrun. Ho var valkyrje og reid sky og sjø; ho var Svåva atterfødd. Ho reid til skipi hans Helge og kvad:

    5.
    Kven styrer skipi
    ved strandi hera,
    kvar hev dei heime
    dei hermansflokkar?
    Kva bier de etter
    i Brunavågom,
    kvar lyster dei leidi
    å leggje sidan?

    6.
    HELGE kvad:
    Hamal legg skipi
    ved strandi hera,
    heimen vår han
    me hev på Lesøy,
    me bier på bør
    i Brunavågom,
    me lystar å leggje leidi mot aust.

    7.
    SIGRUN kad:
    Kvar har du hovding
    på hernad fari
    og svoltne ramnar
    suvl gjevi?
    Kvi ser eg på brynja
    blod-skvettar,
    kvi ét kjempune
    kjøtet rått.

    8.
    HELGE kvad:
    Det øvde nyleg
    ylving-guten
    vest i havet,
    um vita du lyster,
    bjørnen eg tok
    i Bragalund
    og ørne-ungar
    med odden metta.

    9.
    No er sagt er det, møy,
    kor saki er laga,
    og kvi me på sjøen
    steik ikkje fekk.

    10.
    SIGRUN kvad:
    Leik du lyser,
    då laut han Hunding
    i bakken bite
    for byrge hovding;
    saman de søkte
    og skyldfolk hemnde
    med blodet båra
    på blanke eggjar.

    11.
    HELGE kvad:
    Kos viste du vel,
    vise skjoldmøy,
    at ætte-hemni
    frå oss var komi?
    det mange kvasse
    kongs-søner finst
    og ikkje ulike
    oss i framferd.

    12.
    SIGRUN kvad:
    Eg var ikkje langt
    av leid, fylkjer,
    i går ved gry,
    då gramen stupte,
    Sigmundss-sonen
    sløg eg kallar,
    som i løynde-runer
    legg sine ord.

    13.
    Eg så deg eit sinn,
    då på skipi lange
    fram du søkte
    med stamnar blodskvette,
    og svale leika
    dei ljose byljgur;
    no vil drotnen
    dyljast for meg,
    men Hogne-dotteri
    Helge kjenner.

Granmar het ein mektug konge, som budde på Svarinshaug; han hadde mange søner: ein het Hodbrodd, ein annan Gudmund, ein tridje Starkad. Hodbrodd var i kongestemme, han feste seg Sigrun Hognedotter. Med då ho spurde dette, reid ho med valkyrjur sky og sjø og vilde finne Helge. Helge var då ved Logafjelli og hadde slegist med Hundingssønene; der felte han Alv og Øyulv, Hjorvard og Hervard. Då var han ovtrøytt etter striden og sat under Arastein; der råka Sigrun han og fór um halsen hans og kysste han og sa ærendi si, soleis som det vert meldt i Volsungkvida den forne:

    14.
    Sigrun søkte
    sæle hovdingen,
    helsa kjennsleg
    og handi hans tok,
    kysste på kinn
    konge-sonen,
    då vart guten
    glad i drosi.

    15.
    Fram då måtte ho mæle greidleg
    at Helge ynde
    ho eige skulde.
    Hugen, lét ho,
    leika for honom,
    fyrr Sigmunds-sonen
    sét ho hadde:

    16.
    Til hodbrodd vart eg
    på herferd fest,
    men eg ein annan
    eige vilde.
    Men frende-harmen
    eg fæler endå,
    viljen til far min
    eg veld er broten.

    17. Inkje noko dulde
    dotter til Hogne.
    Hugen til Helge
    hava ho laut.

    18.
    HELGE kvad:
    Vyrd ikkje du
    um vreid er Hogne,
    og ilt deg unner
    ættfolk ditt!
    Møyi unge
    med meg skal leva,
    for folket ditt eg
    fæler ikkje.

Helge samla då ein stor skipsher og fór til Frekastein, men på havet fekk dei eit fårlegt uvêr. Då kom ljoneld yver dei, o strålar stod i skipi. Dei såg i lufti at nie valkyrjur kom ridande, og dei kjende Sigrun. Då lagde han seg stormen, og dei kom heile til lands. Granmars søner sat på eit berg, då skipi siglde mot landet. Gudmund sprang på hesten og reid stad og vilde njosne på berget ved hamni. Då strauk volsunange seglet. Då kvad Gudmund:

    19.
    Kva er det for ein skjoldung
    som skipi råder
    og gullprydt her-merke
    heiser frå stamn?
    Fredeleg ferd
    det fulla ikkje er,
    leikande vêr-ljos
    kring vikingar spelar.

    20.
    SINFJOTLE kvad:
    Her mun Hodbrodd
    Helge finne
    framdjerve fylkjer
    på floten standande;
    han odels-eiga
    til ætti di,
    fjorsung-arven
    hev under seg lagt.

    21.
    GUDMUND kvad:
    Di fyrr no skal me
    ved Frekasteinen
    saker skilja
    på sverd-ting i hop;
    no Hodbrodd høver det
    hemn å taka,
    lågaste luten
    me lenge nok bar.

    22.
    SINFJOTLE kvad:
    Geiter gjæte
    fell Gudmund betre;
    og i bergskorer
    bratte klive
    og hava i handi
    hasle-staven
    sælare tykkjest
    deg enn sverdleik.

    23.
    HELGE kvad:
    Deg Sinfjotle
    sømer det meir
    i orlog fara
    og ørnar gleda
    enn med unyte
    ord å skiftast,
    um og hovdingar
    hatige er.

    24.
    Ikkje godt eg unner
    Granmars søner,
    men sanningi segja
    seg sømer då best;
    dei merkte seg ut
    på Moinsheimom,
    at hug dei hev
    til hoggast djervlegt.

Gudmund reid heim med herbod; då samla Granmars-sønene hèr. Der kom mange kongar saman: Der var Hogne, far til Sigrun, og sønene hans, Brage og Dag. Det vart strid bardage, og dei fall alle Granmars søner og alle hovdingane deira, so nær som at Dag Hogneson fekk grid og svor eid til volsungane. Sigrun gjekk på valmarki og fann Hodbrodd, han låg i banen.

    25.
    SIGRUN kvad:
    Ikkje skal Sigrun
    frå Seva-fjelli
    koma deg, Hodbrodd
    konge, i arm;
    lidi er æva
    - lik fær dei tæva -
    for Granmars søner.

Då fann ho Helge og vart fullfegi.

    26.
    HELGE kvad:
    Ikkje deg alt
    ynskjelegt gjeng;
    noko då visst
    norner valdar:
    i dag tidleg fall
    ved Frekasteinen
    Brage og Hogne,
    deira bane vart eg.

    27.
    Ved Leborg rauk dei
    Rollaugs søner
    og ved Styr-kleivom
    Starkad konge.
    So sobeitt ein selle
    såg eg aldri,
    hovudlaus han
    hogde endå.

    28.
    På jordi ligg no
    dei aller fleste
    frendane dine,
    felte dei er.
    Du kunde 'kje for det,
    kvende; din lagnad
    var til strid
    for stormen å vera.

Då gret Sigrun.

    29.
    HAN kvad:
    Hugga deg, Sigrun,
    holl var du oss;
    Sin lagnad ingen kjem undan.
    Eg liv dei unnte
    som lidne er,
    når berre din elsk eg åtte.

Helge fekk SIgrun, og dei åtte søner. Helge vart ikkje gamal. Dag Hogneson blota til Odin for farshemn. Odin lånte Dag spotet sitt. Dag fann Helge, mågen sin, ein stad som heiter Fjoturlund; han lagde spjotet gjenom Helge, som fall der; men Dag reid til Sevafjelli og sa Sigrun tidendi.

    30.
    Traud er eg, syster,
    deg tregen å melde;
    mot min vilje
    veld eg deg tårer:
    han fall i dag tidleg
    ved Fjoturlunden
    hævaste herren
    som i heimen var.

    31.
    SIGRUN kvad:
    Gjev at alle
    eidane beit deg,
    dei som du hadde
    Helge svori
    ved det ljose
    Leiptrar-vatnet
    og ved den svale
    steinen til Unn.

    32.
    Ikkje skride det skipet
    som under deg skrid,
    um beste børen
    blæs etter deg!
    Inkje renne han hesten
    som under deg renn,
    um du hemnaren hadde i hælane på deg!

    33.
    Inkje bite han branden
    som du brår,
    utan han sjølvo deg
    syng um hovud.
    Då vøre hemnd
    Helges daude,
    um varg du vildra
    på vigga ute,
    arm og einsam
    og une-laus,
    etter mat du leita,
    til lik du gløypte.

    34.
    DAG kvad:
    Ør er du syster
    og utan vit,
    som u-sæle ynskjer
    yver bror din.
    Odin einast
    u-lukka veld,
    han einast fred
    og frendskap spillte.

    35.
    Brod din raude
    ringar deg byd,
    Vandils-vé alt
    og Vigdalar;
    tak halve vår heim
    til harm å bøte,
    du sylvprydde brur
    med søner dine.

    36.
    SIGRUN kvad:
    Inkje sit eg so sæl
    på Seva-fjellom
    årle hell seint
    at eg uner leva,
    når ljoset er sløkt
    som ljona i sal,
    og ingen Vigblå
    bèr venen min heim,
    med gullbeislet glim,
    og eg guten fagne.

    37.
    So hadde Helge
    hugsøkt alle
    fiendar sine
    og frendar deira,
    som for vargen
    vitlause renn
    geiter av fjell
    fælske-slegne.

    38.
    Høg stod Helge
    hovdingar millom
    som adels tre,
    ask, yver torn;
    hell som ein dyrkalv
    seg doggvåt reiser
    upp yver alle
    andre dyri,
    og heilt til himmels
    horni spelar.

Terna til Sigrun gjekk ein kveld frammed haugen til Helge og såg at Helge reid til haugen med mange menn.

    40.
    Terna kvad:
    Er det augo som svik meg
    med synkverving
    eller kjem ragnarok?
    Her rid det daudmenn,
    som folane driv
    i fjugande tan;
    eller hev hovdingar
    heimlov fengi?

    41.
    HELGE kvad:
    D'er 'kje augo som svik deg
    med synkverving,
    eller enden på verdi um oss du ser,
    at me folane driv i fljugandi tan;
    heller hev hovdingar
    heimlov fengi.

Terna gjekk heim og sa til Sigrun:

    42.
    Gakk ut, Sigrun,
    frå Seva-fjelli,
    um hovdingen
    du hugast å sjå.
    Upp er haug laten,
    komen er Helge,
    men såri bløder.
    Han bed deg um dette
    at drjupande blod
    døyve du vil.

Sigrun gjekk inn i haugen til Helge og kvad:

    43.
    So fegi eg er
    at me finn kvarandre
    som dei hungrige
    Odins haukar,
    når val dei veit,
    med varmt herfang,
    eller den dogg-friske
    dagsbruni dei ser.

    44.
    Livlaus konge
    kysse eg vil,
    fyrr den blodute
    brynja du kastar.
    Håret ditt, Helge,
    helut er vorti,
    all er du, ven min,
    med val-dogg sprengd,
    våtkalde hender
    hev Hognes måg,
    kor kann eg duga
    til døyve dette?

    45.
    HELGE kvad:
    Du veld det, Sigrun,
    frå Seva-fjelli
    at Helge no er
    med harm-dogg sprengd.
    Du, gullbjarte, græt
    grime tårer,
    fyrr du sovnar, solfagre,
    sudrøne møy.
    Kvar fell blodug
    på brjostet åt meg
    med svidandi sut,
    sår og kaldleg.

    46.
    Drikke me trøystugt
    den dyre mjød,
    um mist me hev land
    og livsen glede.
    Ingen skal vankvedne
    visur syngje,
    um han ser meg
    med såra bringe;
    no bur den bjarte
    bruri i haugen,
    hjå daude drengen
    drosi kviler.

Sigrun reidde seng i haugen:

    47.
    Sengi, Helge,
    eg hev deg laga,
    og sova kann du
    sutlaust hera;
    i fanget mitt no
    fær du kvile,
    liksom du levande
    låg hjå meg.

    48.
    HELGE kvad:
    Eg ikke noko
    umogelegt finn
    seint hell årle
    på Seva-fjelli,
    når du meg, livlause,
    ligg på armen
    i haugen hera,
    Hognes dotter,
    du kvite, kvike
    kongeborne.

Helge og fylgjet hans reid burt, og kvendi fór heim til garden. Kvelden etter let Sigrun terne halde vakt ved haugen. Men ved dagset, då Sigrun kom til haugen, kvad terna:

    50.
    Komen var han no
    um koma han tenkte,
    Sigmunds-sonen
    frå Odins salar.
    Mindre voni
    vert at han kjem;
    alt sit ørnar
    på aske-greinom,
    og til draume-ting
    driv alle folk.

    51.
    Ver ikkje so ør
    at einsam du fer,
    drustet drosi,
    til drauge-huset,
    for daudmenn alle
    djervari er
    lange natti enn ljose dagen.

Sigrun vart stuttlevd av harm og trege. Det var den trui gamalt, at folk vart fødde upp att, men det er no kjering-tull. Helge og Sigrun, er det sagt, vart fødde upp att; han het då Helge Haddingjaskade, og ho Kåra Halvdansdotter. Soleis som dei kved i Kåreljod, og ho var valkyrje.