Grimnesmål

Kong Raudungs søner

Kong Raudung hadde tvo søner, den eine het Agnar, den andre Geirrod. Agnar var tie vetrar gamal, og Geirrod åtte vetrar. Dei rodde, tvo på båten, med snøre sine og skulde fiske småfisk. Vinden dreiv dei ut på havet. I nattmyrkret støytte dei mot eit land, og dei gjekk upp og fann ein kot-bonde; der var dei um vetteren. Kjeringi fostra Agnar, og kallen fostra Geirrod og lærde honom ymse råder. Um våren gav kallen dei eit skip. Men då han og kjeringi fylgde dei til strandi, då tala kallen i einmæle med Geirrod. Dei fekk bør og kom til båtstødi åt far sin. Geirrod var fram-i skipet, han sprang upp på land, men støytte skipet ut, og mælte: "Far du no dit der troll have deg!" Skipet rak ut til havs. Men Geirrod gjekk upp til garden, han vart vel fagna, men far hans var dåen då. So vart Geirrod teken til konge of vart ein ågjæt mann. Odin og Frigg sat i Lidskjalv og såg ut yver alle heimar. Odin mælte: "Ser du Agnar, fostersonen din, kor han el born med ei gygr i helleren? Men Geirrod, fostersonen min, er konge, og sit no i sitt and."Frigg segjer: "Han er slik ein matniding, at han er ill mot gjestene sine, dersom han tykkjer dei kjem for mange." Odin segjer at dette er den verste lygn; so vågar dei um dette. Frigg sender terna si, Fulla, til Geirrod. Ho bad kongen vara seg, so han ikkje vart forgjord av den trollmannen som komen det til landet. Hanvar kjensleg på det, sa ho, at ingen hund var so olm at han sette på han. Men det var den verste heimløysa, at kong Geirrod ikkje var matgod. Likevel lét han handtaka den mannen som hundane ikkje vilde setja på. Mannen bar ei blå skinnkappe og kalla seg Grimne. Og endå dei spurde han ut, so gat han ikkje eit ord meir um seg sjølv. Kongen lét han pine og vilde få mål i han, og sette han millom tvo eldar, og der sat han åtte næter. Kong Geirrod hadde då ein son, som var tie vetrar gamal, han het Agnar etter bror hans. Agnar gjekk burtåt Grimne og gav han eit fullt horn til å drikke, og sa at far hans gjorde ille, med di han pinte denne saklause mannen. Grimne drakk ut; då var elden komen so langt at han svidde skinnkappa til Grimne. Han kvad:

    1.
    "Heit er du, eld!
    og du hoste høgt slær;
    vik undan, våe!
    Um eg mudden lyfter,
    endå luktar han svidd,
    fatne gjer felden.

    2.
    Her åtte næter
    millom eldar sat eg,
    mat baud ingen meg
    utan Agnar einast;
    og einast skal råde
    i Gotalands Geirrods son.

    3.
    Heil deg, Agnar!
    heil deg byd
    Vera-ty vera;
    for ein einaste drykk
    du aldri mun få
    meir lagleg like.

    4.
    Land er heilagt
    som eg liggje ser
    åsom og alvom nær;
    men i Trudheim
    Tor skal vera,
    til tivar mun trjote.

    5.
    Ydalar heiter,
    der som Ull hev
    sine salar reist;
    Alvheim Frøy fekk
    i fyrnde-heimen
    av tivar i tann-fé.

    6.
    Gard er den tridje,
    der blide gudar
    med sylv tekte salar,
    Valaskjalv velbudd
    vyrkte seg der
    ås i upphavs tid.

    7.
    Søkkvabekk heiter den fjorde,
    og der dei svale
    bårur yver bærlar;
    der Odin og Såga
    drikk alle dagar
    glade or gull-kjeri.

    8.
    Gladsheim heiter den femte,
    dera gullbjart
    Valhall mun vera;
    Ropt der krev
    kvar ein dag
    den våpendaude valen.

    9.
    Audkjent er det,
    når til Odin ein kjem,
    salhuset å sjå;
    med spjot er det sperrelagt,
    med skjoldar salen tekt,
    med brynjur benkjer strådde.

    10.
    Audkjent er det,
    når til Odin ein kjem,
    salhuset å sjå;
    varg der heng
    vestanfor dør,
    ørn druper yver.

    11.
    Trymheim heiter den sette,
    der Tjasse budde,
    den ovsterke jotun;
    men no byggjer Skade,
    skire gude-brur,
    på forne farstufter.

    12.
    Breidablik er den sjuande,
    og Balder der hev
    sine salar reist;
    i det landet,
    der eg liggje veit
    minst av mein-runer.

    13.
    Himinbjorg er den åttande,
    og der mun Heimdall
    for veom valde;
    der gude-vorden
    drikk i vene hall
    glad den gode mjød.

    14.
    Folkvang er den niande,
    der Frøya råder
    kven eige skal sess i sal;
    ho krev den halve
    valen kvar dag,
    den andre halve eig Odin.

    15.
    Glitne er den tiande,
    på gull-stolpar reist,
    med sylv er taket tekt;
    og Forsete bur der
    dei fleste dagar
    og stiller alle saker.

    16.
    Noatun er den ellevte,
    og Njord hev der
    sine salar reist;
    manna-drotnen
    den meinlause
    råder for høgtimbra horg.

    17.
    Grøtt med ris
    og med høgt gras
    er Vidars land, Vide;
    synest kulten,
    som sit på hesten,
    fus til far sin å hemne.

    18.
    Andrimne lèt
    i Eldrimne
    Særimne sjode:
    ovgodt flesk,
    men fåe det veit
    kva einherjar mun eta.

    19.
    Gjere og Freke
    mettar geir-hæve
    fræge Herjafar;
    men av vin einast
    våpen-gjæve
    Odin alltid lever.

    20.
    Hugin og Munin
    kvar morgon flyg
    yver verdi vide;
    eg fæler for Hugin
    at heim han ei rekk,
    endå meir eg ottast for Munin.

    21.
    Tund tyt,
    Tjodvitnes fisk
    uner i elvi;
    strid gjeng åi
    ho ov-tung tykkjest
    å vada for val-kjempur.

    22.
    Val-grindi ho
    på vollen stend,
    heilag for heilage led;
    forn er den grindi,
    men fåe det veit,
    koss ho i lås er luka.

    23.
    Fem hundrad dører
    og fyrti til
    eg trur det i Valhall mun vera,
    gjeng åtte hundrad einherjar,
    i senn or eine døri,
    når dei fer og vargen skal vega.

    24.
    Fem hundrad golv
    og fyrti til
    er i Bil-skirne vidt og breidt;
    av alle dei haller
    som eg veit reiste,
    son min den største eig.

    25.
    Heidrun heiter geit,
    på halli ho stend
    og gneg av Lærads greiner;
    eit skoft-kjer ho fyller
    med den skire mjød,
    den mjelten aldri minkar.

    26.
    Eiktyrne heiter hjort,
    på halli han stend
    og gneg av Lærads greiner;
    frå horni dropar
    dett i Kvergjelme,
    der vatn alt hev sitt upphav.

    27.
    Sid og Vid,
    Sokin og Eikin,
    Sval og Gunntro,
    Fjorm og Fimbul-tul,
    Rin og Rennande,
    Gipul og Gopul,
    Gomul og Geirvimul,
    dei renn kringom gudegrend
    Tyn og Vin,
    Toll og Holl,
    Gråd og Gunn-torin.

    28.
    Vina heiter ei,
    Veg-svinn ei onnor,
    ei tridje Tjodnuma;
    Nyt og Naut,
    Nonn og Ronn,
    Slid og Rid,
    Sylg og Ylg,
    Vil og Von,
    Vond og Strond,
    Gjoll og Leipt,
    dei gjeng nær Mannheim,
    og sidan dei horver til Hel.

    29.
    Kormt og Ormt
    og Kjerlaugar tvo,
    dei han dagleg
    vassar, Tor,
    når til tings han fer
    ved Yggdrasils ask;
    di at ås-bru
    stend all i loge
    heite er heilage vatn.

    30.
    Glad og Gylle,
    Gler og Skeidbrime,
    Silvrintopp og Sine,
    Gisl og Falhovne,
    Gulltopp og Lettfete,
    dei folar bèr dagleg
    tivar fram
    når til tings dei fer
    ved Yggdrasils ask.

    31.
    Tri røter stend
    på tri sidur
    under Yggdrasils ask.
    Hel bur under ei,
    under ei rimtussar,
    ved den tridje Mannheims menn.

    32.
    Ratatosk heiter ikorn,
    som renne skal
    etter Yggdrasils ask;
    ord han ovan
    frå ørni ber
    og ned til Nidhogg dei fører.

    33.
    Hjortane fire
    halsen rekkjer
    og bit av grøne greiner;
    Dåin og Dvalin
    Dunøyr og Duratro.

    34.
    Ormar ligg det fleire
    under Yggdrasils ask,
    enn ukunnig ape veit av;
    Gion og Moin,
    dei er Gravvitners søner,
    Gråbak og Gravollud,
    Ovne og Svavne
    alltid eg trur
    skal på greinene gnaga.

    35.
    Yggdrasils ask
    ilt det heve
    meir enn menn det veit;
    hjort bit i topp,
    tre-leggen folnar,
    Nidhogg riv i rot.

    36.
    Rist eg vil og Mist
    skal rekkje meg horn,
    Skjeggjold og Skogul,
    Hild og Trud,
    Lokk og Herfjotur,
    Goll og Geironul,
    Randgrid og Rådgrid
    og Reginleiv,
    dei gjev einherjom øl.

    37.
    Årvak og Allsvinn,
    dei upp skal hedan
    svange draga sol;
    millom bógane deira
    bøygde milde gudar
    æser, kalde jarn.

    38.
    Svalin mun stande
    framfyre sol,
    skjold for skinande gud;
    berg og brim
    eg veit brenne skal,
    um han fell ifrå.

    39.
    Skoll heiter ulv,
    fylgjer skirleitte gud
    alt til vernande ved;
    ein annan er Hate,
    han er Rodvitnes son
    og fyre reine himmel bruri renn.

    40.
    Av Ymes hold
    jordi vart skapt,
    av blodet bårut hav,
    berg av beinom,
    buskar av håret,
    og av hausen himmel.

    41.
    Av brunene hans
    gjorde blide gudar
    Midgard for manna-søner;
    av heilen hans
    vart hug-stride
    skyer alle skapte.

    42.
    Ynde hev hjå Ull
    og alle gudar
    den som fyrst brandane flytjer;
    for då opnast heimar
    um åsa-søner
    når kjelane kjem ifrå.

    43.
    Ivaldes søner
    i upphavs tid gjekk
    Skidbladne å skapa,
    det skipet beste
    for den skire Frøy,
    nyte sonen til Njord.

    44.
    Yggdrasils ask
    er ypparst av tre,
    og Skidbladne av skip,
    Odin av æser,
    og av øykjer Sleipne,
    Bilrost av bruer
    Brage av skaldar,
    Håbrok av haukar
    og av hundar Garm.

    45.
    Ein svip hev dei sét
    av meg, sigtiva-søner,
    då vonar eg hjelp er å vange;
    det inne hjå alle
    æser vert spurt
    kring åren hjå Æge,
    ved ølet hjå Æge.

    46.
    Grim eg heiter,
    Ganglere eg heiter,
    Herjan og Hjalmbere,
    Tekk og Tridje,
    Tunn og Unn,
    Herblinde og Hår.

    47.
    Sann og Svipall
    og Sanngjetall,
    Herteit og Nikar,
    Biløyg, Båløyg,
    Bolverk, Fjolne,
    Grimne, Glapsvinn og Fjolsvinn.

    48.
    Sidhatt, Sidskjegg
    Sigfader, Nikud,
    Allfader, Valfader,
    Atrid og Farmaty;
    berre eitt heite
    hadde eg aldri
    når millom folk eg fór.

    49.
    Eg kalla meg Grimne
    i Geirrods sal,
    men Jålk hjå Åsmund,
    men den gong Kjalar
    då eg kjelkar drog,
    Tro på tingom,
    Vidur i vigom,
    Oske og Ome,
    Jamnhår og Bivlinde,
    Gondle og Hårbard hjå gudar.

    50.
    Svidur og Svidre
    hjå Søkkmime het eg
    og dåra den aldruge jotun,
    då til den mæte
    Midvitnes-sonen
    eg vart einbane.

    51.
    Ør er du Geirrod,
    ovdrukki hev du,
    maktstolen er du av mjød;
    mykje hev du mist,
    då mi hjelp du miste
    og tekkje hjå einhejar og Odin.

    52.
    Lenge eg tala,
    men lite du ansar,
    vela du vert av vener;
    sverdet til venen
    eg ser her liggje,
    og raudt blod av det renn.

    53.
    Ygg skal eige
    den som eggi råmar
    livet ditt veit eg er lidi;
    yvne er diser,
    no Odin du ser;
    kom meg nær, um du når meg.

    54.
    Odin eg no heiter,
    Ygg het eg fyrr,
    Tund fyre den tid,
    Vak og Skilning,
    Våvud og Ropta-ty,
    Gaut og Jålk hjå gudar,
    Ovne og Svåvne,
    sitt upphav eg trur
    frå meg åleine hev alle."

Kong Geirrod sat og hadde sverdet yver knei, og det var dregi halvt ut. Men som han høyrde at Odin var komen der, då stod han upp og vilde taka Odin burt frå elden. Sverdet glapp or handi hans og handtaket snudde ned; kongen gleid med foten og stupte framyver, men sverdet stod igjenom han, og han fekk banen sin. Odin kvarv då burt. Men Agnar var lenge konge der sidan.