138

Eg veit at eg hekk

på vindalt tre

netter heile nie,

med geir-odd såra

og gjeven til Odin,

gjeven sjølv til meg sjølv

oppå det treet

som ingen veit

kvar det av rotom renn.

139

Ikkje brød dei bar meg,

og brygg ikkje;

ned eg nidstirde,

tok opp runer,

ropande tok dei,

ned att der frå eg fall

140

Nie tryllesongar fekk eg

av den fræge son til

Bolthorn, far til Bestla;

og drikke eg fekk

av den dyre mjøden,

aust opp av Odrere

141

Då fór eg til å fremjast

og frod verte

og vekse og finne meg vel.

Ord meg av ord

ord avla,

verk meg av verk

verk avla

142

Du runer finn teikna

og tydde stavar,

mykje store stavar,

mykje sterke stavar,

som fimbul-tul farga

og høge makter maksla

og Ragna-Ropt skar.

143

For æser Odin

for alvar Dåin,

Dvalin for dvergar.

Åsvinn dei

for jotnar skar,

eg riste sjølv sume.

144

Veit du å riste dei?

veit du å råde dei?

veit du å farge dei?

veit du å freiste dei?

veit du til bøn dei?

veit du til blót dei?

veit du å sende dei?

veit du å slakte dei?

145

Betre enn ovblót

ubedi er,

gåve krev gjerning att;

betre usendt

enn ofra for mykje.

Så Tund dei sette,

før tidi rann,

då opp han reis,

så att han kom.